Du er her: [simple_crumbs root="Forsiden" /]

Noreg, Europa, Ekstremistan

26. august 2011

Arkiv - Kapittel11

Aslak Nore. Foto: via Aschehoug.

Aslak Nore. Foto: via Aschehoug.

Møt historikar og forfattar Nils Rune Langeland i samtale med redaktør og forfattar Aslak Nore i Kulturbiblioteket onsdag 21. september kl. 18.00. Billetter kr 50,-.

Må nordmenn og europearar verkeleg bli menneske att? Innordne oss i eit varig endra kulturelt, sosialt og økonomisk heimland.

Aslak Nores Ekstremistan (2009) og Nils Rune Langelands Europa. Ei krossferd (2011) handlar begge om innvandringa til Noreg og Europa, men frå ulike perspektiv. Der Aslak Nore tek opp gettodanningar på Oslo aust, skriv Langeland om Europa som ein mental ekstremtilstand med utgangspunkt i krossferdene i mellomalderen.

Må terroråtaket 22.7. endre synet vårt på den multikulturelle utmaninga? Kva står eigenteg på spel? Kan litterære skrivemåtar fange dette betre enn samfunnsvitskapane?

Programendring
«Amal Aden og Aslak Nore: Det flerkulturelle Norge» går dessverre ut av programmet og erstattes av «Noreg, Europa, Ekstremistan».